207 551 tonn makrellkvote til Norge i 2020

Publisert: av Roar Bjånesøy

Noreg, EU og Færøyane har i går inngått ein avtale om ein totalkvote på 922 064 tonn makrell for 2020

Dette er i tråd med det internasjonale havforskingsrådet ICES si tilråding og betyr en oppgang på rundt 40% over årets kvote

- Eg er glad for at dei tre kyststatane er einige om ein kvote for 2020, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Rådgivinga for 2020 legg til rette for ein gledeleg oppgang i kvoten frå 2019, som var på 653 438 tonn. Dette må sjåast i samanheng med at dei tre avtalepartane heldt igjen fastsettinga av kvoten for 2019.

Det bidrog til redusert uttak og betra situasjon for makrellbestanden. Det har også betydning at ICES sin gjennomgang av makrellrådgivinga har redusert uvissa og dermed styrkt grunnlaget for rådet.


Totalkvoten blir fordelt i henhald til rammeavtalen frå 2014. Dette gir ein kvote på 207 551 tonn til Noreg, 116 188 tonn til Færøyane og 454 482 tonn til EU.

Dei tre kyststatane har i rammeavtalen også sett av ein del tilsvarande 15,6 prosent av totalkvoten til andre kyststatar og andre statar som fiskar makrell i internasjonalt farvatn.


Den avtalte norske kvota var til samanlikning på 147 085 tonn i 2019. Endeleg kvote for norske fartøy vil først vere klar når fisket i år er ferdig, og det er klart om det vert overføringar fra 2019 til 2020.

Siste nytt