40 % ned på nordsjøsild

Publisert: av Roar Bjånesøy

Kvoterådet for 2019 er på 311 572 tonn totalt. Dette er ein nedgang på nesten 40 % i forhold til rådet frå i fjor.

Det er Det internasjonale råd for havforsking, ICES, som gir kvoterådet, skriver Havforskningen

Kvoten på nordsjøsild er fordelt med 291 040 tonn sett av til direktefiske, medan resten er bifangst i andre fiskeri. Om ein samanliknar med kvoten som blei sett for 2018 er det snakk om ein reduksjon på meir enn 50 prosent, om en da følger rådet som er satt for 2018.


— Den store nedgangen skuldast at det er fleire svært dårlege årsklassar som er på veg inn i gytebestanden, noko som kjem til å gje ein relativt stor nedgang i størrelsen på gytebestanden av nordsjøsild, seier forskar Cecilie Kvamme som er bestandsansvarleg for nordsjøsilda på Havforskingsinstituttet.


Ho trur ikkje den store nedgangen kjem overraskande på dei som har følgd med på utviklinga i bestanden. Dårleg rekruttering over fleire år får no store konsekvensar for fisket på nordsjøsilda.
— Dei siste åra har ein hatt stabilt store kvotar på nordsjøsild. Om ein skal komme tilbake til dette nivået er ein avhengig av betre rekruttering enn det ein i snitt har hatt dei siste åra, seier Kvamme.

Det har i år vore ein metoderevisjon i ICES, men den store endringa i rådet skuldast ikkje dette arbeidet.


I tillegg kjem ICES med eit råd om nullfiske på vestleg baltisk sild, noko som også vil påverke det norske sildefisket sør for 62-graden neste år.

Sjå bestandsark for meir informasjon.

Siste nytt