Br. Sperre AS kjøper 90 % av aksjene i Sevrin Tranvåg AS

Publisert: av Jarle A. Hansen

I en pressemelding heter det at kjøpet er et ledd i Br. Sperre AS sin strategiske satsing for å styrke posisjonen som produsent og eksportør av klippfisk og pelagisk.

"Kjøpet av aksjane er eit ledd i Brødrene Sperre AS si strategiske satsing for å styrke posisjon som produsent og eksportør av klippfisk og pelagisk fisk. Kjøpet vil auke volumet i fleire produktkategoriar, og vil styrke konsernet sin posisjon, både mot flåten og ut mot marknaden.

Sevrin Tranvåg AS er ei tradisjonsrik bedrift, som hovudsakleg har vore i familien Tranvåg sitt eige sidan oppstarten i 1914. I tilknyting til forståande generasjonsskifte har dei noverande eigarane tatt valet om å selje hovuddelen av aksjane.

Både Sevrin og Jørgen Tranvåg skal vere med vidare. Saman med oss i Brødrene Sperre AS skal dei arbeide for å samordne aktivitetane på innkjøp og sal, slik begge selskap kan utvikle og effektivisere drifta ytterlegare, seier Kjetil Sperre, i Brødrene Sperre AS, i ein kommentar.

Sevrin Tranvåg AS skal drivast vidare som ei sjølvstendig eining, med same identitet og dei same tilsette, samtidig som produksjonsaktivitetane vil bli auka.

Ved spørsmål ta kontakt med: Inger-Marie Sperre, Brødrene Sperre AS, mob 924 03 932 Jørgen Tranvåg, Sevrin Tranvåg AS, mob 901 05 678 "
- heter det i pressemeldingen

Siste nytt