Endra Seglingsmønster - Måløybrua

Publisert: av Hilde Færø

Det blir endra seglingsmønster på Måløybrua på grunn av vedlikehald av brua. Arbeidet skal pågå fram til september neste år.

Det er Statens vegvesen som skal utføre naudsynt vedlikehald på Måløybrua. Skader på brua skal reparerast, og det skal montast eit anlegg for såkalla katodisk vern som skal hindre at armeringa rustar.

Arbeidet skal pågå frå august 2020 til september 2021.

På grunn av stillas under brua vil seglingshøgda vere lågare enn normalt.

Seglingsmønsteret må difor mellombels endrast, i eitt seglingsløp av gongen. 

Kystverket ber alle som planlegg i segle i området om å halde seg oppdatert om endringane, og kva som er gjeldande seglingsmønster til ei kvar tid.

Kystverket har oppretta ei Facebook-side for å formidle oppdatert informasjon om seglingsmønsteret under Måløybrua i vedlikehaldsperioden. 

Les meir på Kystverket sine nettsider

Siste nytt