Enighet om makrellkvote 2023

Publisert: av Camilla Klævold

Kyststatene har i dag tegnet en avtale for en totalkvote på makrellen i samsvar med ICES tilrådning

Dette skriv departementet i ein pressemelding. Avtalen, og rådet fra ICES, gjer ein totalkvote på makrell på 782.066 tonn, ein liten nedgang frå årets kvote som var på 794.920.

Fornøgd med totalkvote
– Eg er svært fornøgd med at vi no endeleg har fått fastsett ei totalkvote for makrellen. Dette er noko vi har jobba for i lang tid og som betyr mykje for fiskarane, og for ei berekraftig forvaltning av denne viktige fiskestammen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Ikkje enighet om fordeling
Trass i fleire forhandlingsrundar gjennom heile 2022 har ein endå ikkje komme heilt i mål på spørsmåla om fordeling av bestandane og forvaltningsplan for makrell. Partane (Noreg, EU, Færøyane, Grønland, Island og Storbritannia) må bli samde seinast 31. mars og har derfor allereie no avtalt fleire møte i februar og mars 2023 for arbeide vidare med dette.

– Vi vonar at dei gjenståande spørsmåla finn si løysing i starten av neste år. Departementet vil likevel lage ei førebels kvote for 2023, slik at dei som treng det kan starte opp sitt fiske allereie frå årsskiftet, seier Skjæran.

Siste nytt