Forsker på nøyaktig notfangst

Publisert: av Camilla Klævold

Forskere ved HI ønsker å gjøre målingene og utstyret bedre slik at fiskerne vet nøyaktig hva og hvor mye de får i noten

– Det ville vere veldig nyttig å vite kva ein har fått i eit notkast. Dette vil kunne hjelpe fiskarane til å fiske det dei har planar om å fiske, og ikkje få feil fangst om bord, forteller forskar Maria Tenningen frå Havforskingsinstituttet.

Når ein fiskebåt brukar not for å fiske er det eit problem at sonaren som skal vise kor mykje og kva ein har fått i nota, ikkje gir nøyaktig informasjon. Ekkoet som blir sendt ut frå sonaren blir forstyrra av sjølve nota, og også av luftboblene som kjem frå propellen. Ekkosignala som kjem i retur frå propellen sine luftbobler og frå notlinet blandar seg med ekkosignala frå fisken, og det blir vanskeleg å sjå kva ein har fått i nota før ein dreg ho opp.

Etter at nota er kasta trengst det betre reiskap og metodar for å få kunnskap om kor stor notfangsten er medan det framleis går an å sleppe fisken ut att. Dersom fangsten er for stor kan det gå ut over kvaliteten på fisken, fiskevelferda og sikkerheita om bord.

Så langt har forskerne gjort forsøk med å bruke sonaren når motoren på båten er slått av, men det viser seg at kvaliteten på sonarmålingane framleis ikkje er god.

Forskarane har difor gjort forsøk på å senke sonaren djupare ned enn det som er vanleg i dag for å unngå propellstøyen. Forskarane har testa dette på båten Eros ved å feste sonaren på senkekjølen. Resultata her viste at ein ved å montere sonaren på 8-10 meters djup slik som her unngår baugpropellstøyen, men ikkje hovudpropellstøyen. Det er dessutan berre nokre få fiskebåtar som har senkekjøl, og det kan vere risikabelt å ha senkekjølen nede under fiske.

– Desse forsøka er i oppstartsfasen, men vi har god tru på at det vil vere råd å finne ein god metode for å måle fangst i not. Dersom viljen er der frå fiskeindustrien så skal det vere råd å finne ei praktisk løysing, seier Tenningen.

Se bilder fra forsøkene her:

Se video her:

Siste nytt