Fortsetter som styreleder

Publisert: av Camilla Klævold

Jonny Berfjord ble i dag gjenvalgt som styreleder for ett år under Fiskebåts digitale årsmøte

Det er Fiskebåt som omtaler saken. Berfjord skulle normalt gått av som styreleiar på årsmøtet i år, men på grunn av koronapandemien og at det i tillegg er i eit år med stortingsval, spurte valnemnda om han kunne site eit år til.

- Vi meiner det er viktig å ha kontinuitet når situasjonen er så spesiell som den er i år. Det ville difor vere vanskeleg for ein ny styreleiar å ta over no, sa leiar i valnemnda Janne Grethe Strand Aasnæs til årsmøtet.

Det blei heller ingen andre store utskiftingar i styret. Webjørn Barstad går ut av styret som følge av byte av jobb, og blir erstatta av Eldar Farstad.

I talen til årsmøtet var Berfjord innom at 2020 har vore eit spesielt år også for fiskeflåten, med restriksjonar som følgje av pandemien. Han var også innom både klimapolitikk og næringspolitikk. Heile talen er gjengitt under.

Årsmøtetalen til Berfjord kan du lese her:

Siste nytt