Framlegg til fiskarmantall for 2018

Publisert: av Roar Bjånesøy

Framlegg til fiskarmanntal for 2018 er sett opp og lagt ut til offentleg innsyn i tida 10. november 2017 og tre veker framover, skriver direktoratet

Framlegget er lagt ut på alle kontora til Fiskeridirektoratet i den enkelte region. Framlegget vert også publisert på nettsida til Fiskeridirektoratet.

Vi ber om at kvar enkelt kontrollerer sin manntalsstatus for komande år. Den som meiner seg feil stroken eller feil ført, kan klage skriftleg til manntalsførar innan tre veker frå 10.november.

Regionkontora til Fiskeridirektoratet er manntalsførar kvar for sin region.

Skriftleg klage med grunngjeving blir å sende til:

Fiskeridirektoratet
Postboks 185 Sentrum
5804 Bergen

eller

[email protected]

Hugs å merke konvolutten eller e-posten med namnnet på regionen der du er busett og ha med tilvising til referanse i saka.

Spørsmål kan rettast til regionkontoret der du bur etter 10. november.

Se mer her: 

Siste nytt