Framleis miljøpotensiale i havfiskeflåten

Publisert: av Line Dale Nilsson

Nye tekniske løysingar gir framleis stort potensiale for å redusere klimagassutsleppa frå havfiskeflåten.

Dette skriver Fiskebåt.

Nye tekniske løysingar gir framleis stort potensiale for å redusere klimagassutsleppa frå havfiskeflåten. Det går fram av ein ny rapport som er utarbeida i regi av Grønt Kystfartsprogram.

Størst er potensialet med å ta i bruk hybridteknologi. Her kan ein redusere forbruket av drivstoff, og dermed utsleppa av klimagassar med opp mot 25 prosent, alt etter driftsmønster og type fartøy. Det går det fram av rapporten, Tiltak for reduksjon av klimagassutslipp fra fiskeflåten.

Analysar
Rapporten er utarbeida gjennom partnarskapsprogrammet Grønt Kystfartsprogram, der Fiskebåt er medlem. I arbeidet med rapporten er det gjennomført grundige analysar av forskjellige tiltak som kan redusere utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten. I mange tilfelle fører dette også til reduserte kostander i form av lågare drivstoffutgifter.

Gode resultat
Fiskeflåten har allereie gode resultat å vise til i forhold til å redusere utsleppa av klimagassar. I fjor kom FHF-rapporten Klimaveikart for norsk fiskeflåte, der det mellom anna blir vist til at fiskeflåten har eit potensiale for å redusere utsleppa med 40 prosent i perioden 2005 til 20130.

LNG-gevinst
Den største klimagevinsten er å ta i bruk kombinasjonen straum og gass (LNG). Då vil ein redusere CO2-utsleppa med rundt 20 prosent, NOx-utsleppa med 85 prosent og utslepp av SOx er eliminert. Lie Gruppen på Sotra er har kontrahert det første havgåande fartøyet som tar i bruk denne teknologien. Utfordringa er lagerkapasiteten som gjer at LNG berre eignar seg på fartøy som er ofte i land og dermed kan bunkre.

Kutte toppane
For andre fartøygrupper som er lengre tid på havet, gir forskjellige kombinasjonar av diesel og straum gode gevinstar. Nybygget til Atlantic Longline AS i Ålesund gjer nettopp det, der batteripakken har som hovudfunksjon å avlaste hovudmotoren, slik at den går jamnare på eit meir gunstig turtal.

Forskjellige tiltak
Rapporten går grundig inn på forskjellige løysingar som kan vere med å redusere forbruket av drivstoff og dermed mindre ustlepp av klimagassar. På nybygg har det skjedd ei revolusjonerande utvikling på design av skrog og betre forståing for korleis ein kan optimalisere bruken av propellane.

Siste nytt