Skip to Content

Fremdeles fritak for den minste flåten

Publisert: av Roar Bjånesøy

Regjeringa,i foreslått statsbudsjett, vil at fartøy under 15 meter framleis skal vere friteke for kontrollavgift i 2022

 Dette kjem av dei nye krava til sporing og rapportering for flåtegruppa.

– Ved å vidareføre fritaket frå kontrollavgifta, tek vi omsyn til dei totale kostnadane for denne flåtegruppa, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Kontrollavgifta for fiskeflåten vart teken opp att i statsbudsjettet for 2021, etter tilråding frå fiskerikontrollutvalet. Avgifta finansierar reforma av fiskerikontrollen. Fartøy under 15 meter vart friteke for avgift i innføringsåret av omsyn til den planlagde innføringa av nye rapporteringskrav for denne flåtegruppa.

Nye krav frå 1. juli

Det er no forskriftsfesta at fiskeflåten under 15 meter gradvis kjem til å få krav om posisjons- og fangstrapportering på lik linje med flåten over 15 meter frå 1. juli 2022. Det krev investeringar i utstyr og programvare. Regjeringa foreslår difor å vidareføre fritaket i 2022.

Det er berekna at avgifta vil gi ei inntekt på 40,5 millionar kroner i 2022. Når fritaket avviklast, vil provenyet auke med om lag 11 millionar kroner til ytterlegare styrking av ressurskontrollarbeidet.

Siste nytt

Back to top