Gode næringsstoffer i mesopelagisk fisk

Publisert: av Camilla Klævold

HI har sjekket næringsinnholdet i mesopelagiske arter - det er lignende eller høyere enn i filet fra laks og torsk

Dette skriver HI om funnene.

På mellom 200 og 1000 meters djup finn du store mengder småfisk og andre artar som ikkje blir fiska i særleg grad. Dei er jamt fordelt i verdshava, og kan bli ei kjelde til ny mat.

– Ei av dei største utfordringane i framtida blir å skaffe nok mat til verdas befolkning, men også sunn mat. Feilernæring er faktisk eit minst like stort problem som underernæring, forklarer havforskar Martin Wiech til HI.


Mykje snakka om – lite undersøkt
Sidan mesopelagiske artar ofte blir trekte fram som løysinga, har Wiech og kollegaane undersøkt næringsinnhaldet i slik fisk, krill og maneter frå Osterfjorden, Bjørnafjorden og Boknafjorden.

– Vi fanga og undersøkte i alt seks artar. Det var mest av kronemanet, lysprikkfisk, krill og laksesild, i den rekkefølga, seier forskaren.


Ta ein neve nøtter – og éin med mesopelagiske artar?
– I fiskane finn vi høge nivå av vitamin A. Vi finn mykje kalsium og selen i alle artane bortsett frå manetene. Jodnivåa varierer stort mellom kvar art, fortset han.

(Forskarane har planar om å undersøke dei same prøvane for framandstoff. Det har dei også sjekka før i mesopelagiske artar: Lite miljøgifter i framtidas fisk)

Også omega 3-feittsyrer var alle artane svært rike på.

– Kort oppsummert er næringsinnhaldet liknande eller høgare enn i filet frå den fisken vi ofte et, som laks og torsk. Og stort sett høgare enn i kolmule, som er mykje brukt som ingrediens i laksefôr.


Svarar på både i-lands- og u-landsproblem
– Ein neve med krill, vil gi ei vaksen kvinne ein tredjedel av det anbefalte daglege inntaket av jod, kalsium og selen. Ein neve lysprikkfisk dekker heile behovet hennar for vitamin A, seier han.

Mangel på vitamin A er eit problem i mange afrikanske og søraustasiatiske land, som kan føre til at barn blir blinde.

I Vesten er jodmangel utbreidt i befolkninga. Særleg for gravide kvinner er dette eit problem som kan føre til redusert kognitiv utvikling hos barnet.

– Fordi dei mesopelagiske artane er tilgjengelege i store mengder over heile verda, vil dei kunne vere svaret på mange lokale ernæringsutfordringar, seier Wiech.


Mykje godsaker i skjelett og hovud
Dei små fiskane og dyra blei kverna heile før forskarane analyserte dei. Det kan ha bidroge til det høge næringsinnhaldet dei fann.

I analyser av røykt ansjos og sardinar frå fiskemarknader i Ghana finn forskarane nemleg det same: Dei små fiskane, som blir etne heile, inneheld overraskande mykje vitamin, omega 3 og mineral. Fiskehovuda og -beina er kjelder til dette.

– Størrelsen på desse dyra gjer det naturleg å ete dei heile. Og om det ikkje blir slik at folk vil ete mesopelagiske artar direkte, så er oppdrettsnæringa også på jakt etter meir råstoff frå sjøen for å erstatte langreist soya.

– Fiskeriet er framleis heilt i startgropa, så vi veit ikkje kva aktuelle bruksområde er endå, om det blir målretta fiske på enkeltartar, eller om heile fangstar blir malt opp saman. Funna våre er nybrotsarbeid som kan gå inn i den vurderinga, seier Wiech.

Siste nytt