Har sett på laksesildbestanden i Norskerenna

Publisert: av Roar Bjånesøy

Havforskerne har beregnet en bestand av laksesild på 15 000 tonn i området i Norskerenna der det var fangstet på arten i fjor

9.-23. mars gjekk forskingsfartøyet «Kristine Bonnevie» ut i Norskerenna, der fleire fiskebåtar gjorde gode fangstar av laksesild i fjor. Det blei rekna som eit lite gjennombrot i det mesopelagiske fiskeriet

 

Laksesilda er ein sølvblank, fingerstor fisk, som lever på over hundre meters djup i Atlanterhavet og i norske fjordar. Trass namnet er den ikkje i slekt med laks

– Målet vårt var å mengdemåle laksesild med ekkolodd og trål, og vi har no fått eit første anslag, seier toktleiar Webjørn Melle.

Anslaget er på 15 000 tonn i toktområdet på om lag 17 000 kvadratkilometer (sjå kart). Toktområdet er bestemt ut frå kor fiskeriet gjekk føre seg i 2019.

Mesopelagisk fisk er rekna som ein stor og ubrukt ressurs. Men tidlegare anslag for kor mykje det eigentleg er av dei, har vore anekdotiske og biprodukt frå fiskeri eller andre tokt. I Nordsjøen er det truleg laksesild som har størst potensial av dei mesopelagiske artane.

– Mengdene vi har berekna i toktområdet er monalege i forhold til dei 1 600 tonna som blei fiska der i fjor. Samanlikna med andre kommersielle bestandar i Nordsjøen er derimot 15 000 tonn lite. Men anslaget gjeld for eit mindre område, og for ei tid på året der det truleg er mindre fisk i området, seier Melle.

Les hele saken og se kart hos Havforskningen her

Siste nytt