Hardt ut mot havbasert vindkraft

Publisert: av Camilla Klævold

Marius Ytterstad gikk hardt ut mot vindkraft i åpningstalen sin under Fiskebåt Nords årsmøte

- Havbasert vindkraft er ei av dei store utfordringane framover

I talen viste han til at fiskerinæringa heilt frå starten har vore pragmatisk i forhold til andre næringar også skal kunne bruke havareala, men at dette ikkje kan skje før ein har meir kunnskap om kva følgene er for fiske- og dyreliv.

- Det er frustrerande at det ikkje blei gjort nokon tilstrekkeleg analyse av forholda ved dei to vindkraftverkprosjekta Hywind Tampen og Havsul I. Dette kan ikkje kallast sameksistens, men er ei direkte overkøyring, sa Ytterstad.

Ytterstad poengterte også at ei berekraftig næring er ein føresetnad for å kunne selge fisken til stadig meir kritiske forbrukarar. Difor må næringa også vente seg at det blir ytterlegare krav til dokumentasjon og sporing av produkta.

I opningstalen var naturleg nok Ytterstad også innom rammevilkåra for næringa som er grunnlaget for eksistensen og vidare utvikling. Dette er også tema i det politiske ordskiftet som det er lagt opp til i det digitale årsmøtet.


Årsrapport og saksdokumenter her:

Siste nytt