Havforskninga innstiller tokt

Publisert: av Roar Bjånesøy

Koronaepidemien har store konsekvenser for forskningstoktene. Kolmuletoktet, som skulle startet denne uken,er kansellert

– Halvparten av toktprogrammet vårt i mars og april er no kansellert, fortel forskingsdirektør Geir Huse.

– Vi har prioritert hardt, og vil gjere det vi kan for at vi får til å gjennomføre dei viktigaste leveransane til bestandsrådgjevinga, til dømes skreitoktet og Egga sør-toktet. Det er likevel ein situasjon der mykje endrar seg på kort tid, og vi tek fortløpande vurderingar, seier Huse.

Desse tokta blir særskilt prioritert frå HI fordi dei leverer viktige data inn i det store puslespelet som kvoteråd er, og skreien er vår kommersielt viktigaste bestand.

Ein annan kommersielt viktig bestand er kolmule. Kolmuletoktet med Kings Bay skulle ha starta denne veka. To av dei utanlandske fartøya som skulle delta på toktet har alt trekt seg.

– Vi vurderte det difor sånn at uvissa i toktindeksen kunne bli høg, og saman med utfordringane knytt til koronakrisa, valte vi å kansellere toktet, seier forskingsdirektøren.



Mannskapsskifte på tre fartøy onsdag

– Det kan bli vanskeleg å få bemanna fartøy som skal gjennomføre tokt i tida framover. I verste fall kan sjølv prioriterte tokt bli kansellert, på grunn av mangel på kvalifisert personell, seier rederisjef Per W. Nieuwejaar.

– Men slik ståa er no, ser det ut til at vi skal klare å bemanne G.O. Sars, Johan Hjort og Kristine Bonnevie med mannskapsskifte i dag, onsdag 25. mars.


Skreitoktet startar i Trondheim

Johan Hjort har mannskapsskifte i Trondheim i dag, og vil starte skreitoktet etterpå.

Det blir eit noko seinare tokt enn opphaveleg planlagt, og det vil avsluttast i Bergen rundt 10. april.

Kristine Bonnevie gjennomfører mannskapsskiftet. Etter det vurderast det å gjere eit kort oseanografitokt i Hardangerfjorden, for så å gå vidare på å fullføre ein nedkorta versjon av snitt-toktet i mars, det vil si Svinøy-snittet og Gimsøy-snittet.

G.O. Sars vil halde fram med Egga sør-toktet ut ifrå Trondheim, etter å ha gjennomført dagens mannskapsbytte.


Nansen på veg mot Bergen
«Dr. Fridtjof Nansen» held seg til vanleg på tokt i Afrika og Asia, som utgangspunktet for «Nansen-programmet», et bistandssamarbeid mellom Norad, FAO og HI.

Skipet har ikkje vore heime sidan det reiste frå Noreg i 2017, men grunna koronakrisa er det no på veg til Bergen frå Agadir i Marokko.

Det er venta at fartøyet kjem fram til Bergen laurdag 28. mars.


Status for våre andre forskningsfartøy

Kronprins Haakon ligg i Bergen. Mannskapsskifte 6. april, men ikkje planlagt toktaktivitet før i mai.

GM Dannevig avsluttar tokt i Stavanger 28. mars, og går til Bergen for opplag fram til neste toktperiode, i byrjinga av mai

Hans Brattström: stilleligge i Bergen fram til påske

Siste nytt