Hvilken effekt har seismikken på fisk?

Publisert: av Roar Bjånesøy

Havforskerne har samlet mye kunnskap om effekten av seismikk på livet i havet i en rapport.

Dette melder Havforskningsinstituttet

For å forstå bakgrunnen for råda våre til Oljedirektoratet, har vi samanfatta forskinga som ligg til grunn i ein rapport. Industrien har etterspurt ein slik oversikt, seier havforskar Lise Doksæter Sivle.
– Både fisk og sjøpattedyr har godt utvikla høyrsel. Dei brukar han til å finne mat, partnar eller oppdage fiendar. Ulike dyr har ulik risiko for å bli påverka av bråk, og til visse tider kan skaden vere større, fortel ho.

I rapporten tar dei føre seg fiskelarvar, vaksen fisk og kval.

– Fisk som stikk av er eit større problem i gytetida

Det er dokumentert at enkelte fiskeartar, som torsk og hyse, svømmer vekk frå seismikkjelda i ein avstand på opptil 30 kilometer.
– Dette er ikkje nødvendigvis eit problem i beiteperioden med spreidd fisk ute på havet. Men dersom det same skulle skje på eit gytefelt der all fisken står samla i avgrensa område, kan det vere kritisk, forklarar Sivle.
Gytefelta er strategisk utvalde med akkurat dei rette forholda. For skreien for eksempel skal havstraumane ta med seg egga og larvane frå gytefelta i Lofoten 1500 kilometer opp i Barentshavet, der fisken veks opp.

Har sett gytinga på kartet
– Dersom fisken gyter egga ein annan plass, er det ikkje sikkert larvane vil drive der dei skal. Dette kan påverke rekrutteringa til bestanden negativt, seier ho.
Forskarane har derfor laga kart med tidspunkt over gyting for ulike fiskeartar. I desse områda og tidspunkta vil forskarane i utgangspunktet alltid rå frå oljeleiting.

Les resten av saken med link til rapporten her: 

 

Fiskarlaget har og invitert til seminar og Fisk og Seismikk i Trondheim i April:

Siste nytt