Hvor kommer makrellstørjen fra?

Publisert: av Camilla Klævold

Havforskningsinstituttet har sporet hjemmet til størjer i Nord-Atlanteren

– Om sommaren beitar formel-1-fisken over heile nordlege Atlanterhavet med toppfart på 70 kilometer i timen. Den er mildt sagt vanskeleg å halde styr på, seier havforskar Leif Nøttestad til HI.

Forskarane visste frå før at verdas største tunfisk har gyteområde i både Mexicogolfen og i Middelhavet. Men sidan makrellstørja er litt av ein globetrotter, er spørsmålet kor fiskane vi fangar andre stader i Atlanterhavet, har sitt opphav. For eksempel dei vi fangar i Norge.

«Norsk» fisk kjem oftast frå Middelhavet
– Ferske DNA-analyser viser at 83 prosent av størjene fanga i Norge kjem frå Middelhavet, og i tillegg kjem det nokre slengarar frå Mexicogolfen. Om lag 13 prosent kjem frå ukjende gyteområde, seier Nøttestad.

– Dette kan vi seie fordi vi har sikra oss muskelprøver frå så godt som alle makrellstørjene som er landa her dei siste åra. 185 makrellstørjer fanga mellom 2013-2017 er analysert.

– Størja er grenselaus
Kunnskapen om kor fisken kjem frå og kva fisk vi eigentleg fiskar på, kan gi betre rådgiving og forvaltning av makrellstørja. Det kan også hjelpe politikarane å bli einige om kven som «eig» fisken.

I dag er det streka opp ei skiljelinje midt i Atlanterhavet på 45 grader vest. For enkelheits skuld, antar forvaltninga at makrellstørje fanga vest for denne, høyrer til ein vestleg bestand, og motsett med fangstar aust for «grensa».

– DNA-analysane viser at makrellstørja er grenselaus. Den kryssar Atlanteren i utstrekt grad. Særleg i Mexicogolfen er betydelege delar av fangstane eigentleg størje frå Middelhavet, seier Leif Nøttestad.

Delar av fangstane kjem frå heimeområde som endå ikkje er kjende for vitskapen. Dei grå kakestykka i diagrammet, altså.

– Ved hjelp av data frå satellittmerke, ser vi eit mogleg gyteområde utanfor Madeira. Der er det størjer som stoppar mistenkeleg lenge i gyteperioden.

Siste nytt