Island i gang med loddetokt

Publisert: av Camilla Klævold

Fem fartøy er sett inn i leitinga etter lodde rundt Island

Dette skriver Fiskebåt. Så langt er det to forskingsfartøy og to islandske fiskefartøy som deltar saman med det grønlandske fiskefartøyet Polar Amaroc.

Lodda er viktig for Island, men forskarane rår framleis til at det ikkje blir fiska på bestanden. I fjor blei det også leita etter lodde, men bestanden blei vurdert til å vere for liten til å starte eit fiske. No er målet med toktet å finne nok lodde til at ein eventuelt kan opne for eit fiske.

Norge har interesser
Norge har en liten del – fem prosent -  av kvota pluss eit kvotebyttekvantum via Smuttholsavtalen, og ei mindre kvote via EU-avtalen med Grønland.
Sesongen er kort og for norske fiskarar varer sesongen fram til 22. februar, som følge av fiskeriavtalen som Norge har med Island.

Her kan du følge loddetoktet på Island:

Barentshavet
Fisket etter lodde i Barentshavet er vedtatt stengt i 2020. Dette er vedtatt i fiskeriavtalen mellom Russland og Norge. Men også i Barentshavet vil det bli gjennomført eit tokt for måle loddeinnsiget til Norskekysten. For andre året på rad skal to norske fiskefartøy med forskarar om bord krysse i havet utafor Finnmarkskysten frå 26. februar med sikte på å finne ut kor stor bestanden er.

Siste nytt