Kunstig intelligens bidrar på tokt

Publisert: av Camilla Klævold

HI har tatt "med" seg kunstig intelligens på årets tobistokt for å trene den opp til å analysere toktdata bedre

Tekst fra Havforskningsinstituttet. På tokt seglar forskarane faste ruter og «tel» fisk med ekkoloddet. Så kan dei berekne kor mykje fisk det er i havet og gi råd for kor mykje det er forsvarleg å fiske.

Tolkinga er einsarta og tidkrevjande, men no har forskarar frå HI og Norsk regnesentral forsøkt å gi jobben til ein kunstig intelligens (AI). Resultata er publiserte i ein ny artikkel.

Mata inn årevis med tobistokt-data
– Vi har trent den opp med ekkoloddbilde frå 5 av 11 år frå det årlege tobistoktet vårt. Eit menneske, nærmare bestemt vår kollega Ronald Pedersen (artikkelbilde), har frå før av sett namn på kva bilda viser, forklarar havforskar Nils-Olav Handegard til HI.

– Så sparte vi 6 år med ekkoloddbilde som den kunstige intelligensen fekk lov å sette namn på sjølv. Eller «gå opp til eksamen».

Den kunstige intelligensen verkar ved at den omset ekkoloddata til formar og fargar i fleire omgangar. Til slutt står den igjen med meir abstrakt informasjon om kva den ser på bilda.

Tobistokta var godt utgangspunkt
I dette tilfellet var oppgåva å identifisere kategoriane tobis, tomt hav eller fisk som ikkje er tobis.

– Data frå tobistokta er eit veldig godt utgangspunkt for dette. Dei er godt kategoriserte av ein og same tolkar, som har sett etter ein spesifikk art, forklarar Handegard.

– Ved å trene den kunstige intelligensen på dette, har vi på ein måte fått koda kunnskapen til Ronald elektronisk.


Les om hvordan den kunstige intelligensen klarte seg og veien videre på HI sin side:

Siste nytt