Kva skjer med silda og makrellen når det blir varmare?

Publisert: av Camilla Klævold

Forkarare har sett på korleis 13 nøkkelbestandar vil utvikle og endre seg i tre ulike klimascenario

Scenarioet med høge klimautslepp vil gje størst utslag, både i positiv og negativ retning.

Dette skriv Havforskningsinstituttet; – Resultata viser at sild, torsk, og raudåte i Nordsjøen, og polartorsken i Barentshavet, er dei som vil bli mest negativt påverka av klimaendringane, seier hovudforfattar Anne Britt Sandø.

Tidlegare studiar har vist at klimaendringane vil skape både vinnarar og taparar i norske havområde. Dette biletet blir bekrefta i den nye rapporten.

– Vinnarane er dei som kan utvide leveområdet sitt når det blir høgare temperatur. Det gjeld blant anna torsk i Barentshavet, og sild og makrell i Norskehavet, seier Sandø.

Ulike moglege framtider
Bakgrunnen for rapporten var at regjeringa ønskte ein risikoanalyse av korleis klimaendringar kan påverka dei norske havområda under ulike utsleppsscenario. Havforskingsinstituttet fekk oppdraget med å lage rapporten som altså tar for seg 13 nøkkelbestandar av plankton, fisk og skaldyr.

Der tidlegare studiar har basert seg på eitt scenario for framtidig klimautvikling, har denne studien tatt for seg tre ulike framtidsbilete til år 2100, henta frå FNs klimapanel (IPCC):

- Eit scenario med låge klimagassutslepp, i tråd med 2-gradersmålet (SSP1–2,6).
- Eit scenario med moderate utslepp, omtrent i tråd med gjeldande politikk (SSP2–4,5).
- Eit scenario med høge og raskt aukande utslepp (SSP5–8,5).

– For kvart scenario har vi gjort ein analyse av kva påverknad dei ulike klimaeksponeringane vil ha på dei ulike bestandane i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet, seier Sandø.

Resultata viser til dels store forskjellar i utslag mellom dei ulike framtidsbileta.

– Det er utanfor vårt mandat å gå inn på kva scenario som er mest sannsynleg. Vi konkluderer uansett med at det er følgene av høgutsleppscenarioet som gir størst utslag for dei aller fleste bestandane, både i positiv og negativ retning, seier havforskaren.

Usikker framtid for polartorsken
Ein av artane forskarane har studert er polartorsken, som lever heilt nord i det polare Barentshavet.

Polartorsk gyter under havisen i desember–mars. Sjøisen beskyttar egga mot rovdyr. Redusert isdekke som følge av varmare klima vil derfor gjere at dei blir meir sårbare.

– I scenarioet med høge utslepp (SSP5–8,5) er så godt som heile isdekket og den tilhøyrande iskanten i Barentshavet borte i slutten av dette hundreåret. Dette vil vere kritisk for polartorsken i dette området seier Sandø.

Lagnaden til polartorsken er derimot meir usikker i det moderate scenarioet (SSP2–4,5). I dette scenarioet blir sjølve iskanten i Barentshavet lengre, mens isdekket blir mindre.

– Korleis dette vil påverke polartorsken er høgst usikkert. Vår studie viser at det kanskje kan gi ein liten positiv effekt, forklarer Sandø.

– Viss polartorsk er meir knytt til sjølve isdekket enn til iskanten, vil den få ei negativ forventa utvikling også i dette scenarioet, legg ho til.


Les meir om forsøket og korleis forskarne har gått fram på HI sin side:

Siste nytt