Kvoteråd på kystbrisling

Publisert: av Roar Bjånesøy

Havforskningsinstituttet har gitt kvoteråd for brislingfiske i fjordene

Havforskingsinstituttet tilrår eit brislingfiske på opptil 240 tonn i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og framleis nullfiske i Nordfjord i 2023.

Har vore god rekruttering i Hardanger og Sogn

– I år som i fjor såg vi mykje brisling i Hardangerfjorden, men mest eittåringar. Ein god del av desse igjen var under minstemålet på 10 centimeter, fortel bestandsansvarleg havforskar Cecilie Kvamme.

– I Sognefjorden var det også over gjennomsnittleg bra med fisk. Og der var det treåringane som dominerte. I fjor var det toåringane som dominerte, så 2020-årsklassen må ha vore sterk i Sognefjorden, fortset ho.

Kvoteråda for begge desse fjordane blir sett ut frå medianfangsten i perioden 2002-2016, som i fjor.

Men nesten ingenting i Nordfjord

I Nordfjord fann forskarane berre 0-årig brisling. Denne er for liten til å fiske på.

Dette gjer at forskarane tilrår at det ikkje blir opna for brislingfiske i Nordfjord, som dei to siste åra.

Dei rår til ei fangstavgrensing også i Trondheimsfjorden, dersom det skulle oppstå eit fiske av betydning der.

Fiskeridirektoratet set kvotane

HI driv overvaking av brisling i dei fjordane der fiskeriet går føre seg.

Det er HI som gir kvoteråd for kystbrisling. Fiskeridirektoratet set dei endelege kvotane.

 

 

Fakta om brislingtoktet

Går føre seg i månadsskiftet august/september – like før fiskeriet startar.

"Kristine Bonnevie" gjekk i år innom Hardangerfjorden, Sognefjorden og Nordfjord for å overvake kystbrislingen. 

Forskarane brukar ekkolodd til å måle mengdene med fisk, og fiskar med trål for å samle inn biologiske prøver.

Ut frå dei biologiske prøvane kan forskarane bekrefte kva fisk dei ser på ekkoloddet, og berekne alderen og storleiken deira.

Forskarane les av alderen til fiskane frå øyresteinane dei har inni skallen.

Brislingtokta dannar ein indeks for brisling som er eitt år og eldre. Nullåringane er for små til å bli fanga representativt i trålen.

Siste nytt