Løypemelding fra makrelltoktet

Publisert: av Camilla Klævold

Det internasjonale makrell-økosystemtoktet i Norskehavet er i full gang med fem fartøy fra fire land som skal kartlegge makrellbestanden

Dette melder Havforskningsinstituttet. Leigefartøya «Eros» og «Vendla» la ut frå Bergen torsdag 1. juli med dei norske havforskarane om bord.

I tillegg seglar fartøy for Færøyane, Island og EU (Danmark). Islendingane starta sin del av toktet på måndag, så den siste veka har alle dei fem fartøya vore i aksjon.

Danskane er no ferdige med sin dekning i Nordsjøen, og det er gode fangstar i Nordsjøen i år. Grønland blir ikkje med på årets tokt grunna forsinka leveranse av nytt forskingsfartøy.

Største fangster i nordvest
Fram til måndag morgon hadde dei norske fartøya gjennomført 55 trålstasjonar. Det har vore fanga makrell på alle stasjonane.

«Vendla» har dekka områda frå Norskekysten og ut i Norskehavet. Dei største fangstane så langt er i den nordvestlege delen av dekninga (sjå kart). Men toktet har endå ikkje kome inn i den nordlege delen av Norskehavet der dei høgaste konsentrasjonane var i fjor. Størrelsen på makrellen varierer litt mellom stasjonane, og på den innerste stasjonen i helga fekk me for første gang på toktet eittåringar, såkalla pir.

«Eros» var lenger vest i byrjinga, men har nå kome inn til Norskekysten og går kursar parallelt med «Vendla».

Deep-Vision
På «Vendla» har vi òg testa ut Deep Vision-systemet på fleire hal i tillegg til trålhala som inngår i bestandsberekninga av makrell. Systemet er lovande i operasjon og gir fine bilde av fisken som passerer gjennom trålen. Planen er at vi etter kvart skal kunne ta i bruk slikt biletmateriale og maskinlæring i mengdemålinga av makrell og annan fisk.

Det blir bytta mannskap i Tromsø til helga og toktet fortset til 3. august. 

Mer info hos HI:

Siste nytt