Lovende resultater etter tokt

Publisert: av Camilla Klævold

Forskerne er nær med å finne gode løsninger for å kontrollere fangstmengder i kolmulefisket

Det er Fiskebåt som omtaler saken. På eit tokt med den pelagiske trålaren Vikingbank i mars, fekk dei prøvd ut forskjellige løysingar. Og resultata er lovande, ifølge forskarane.

Kolmulefisket foregår med flytetrål på store djup, noko som fører til ekstra utfordringar med å berekne kor stor fangsten er, og hindre at trålsekken bli sprengt når den når overflata. No kan forskarane i samarbeid med fiskeflåten vere nærare gode løysingar for å unngå desse problema.

I mars var ei gruppe havforskarar med den pelagiske trålaren Vikingbank på kolmulefiske vest for Irland. Dette er det andre toktet med Vikingbank etter at prosjektet starta i 2017. I tillegg har forskarane reist med fleire fiskebåtar i perioden.

- For oss er det viktig å bidra til dette arbeidet, og vi ser at det gir oss betre løysingar. Vi har også eit veldig godt samarbeid med forskarane, og blir i svært liten grad hemma i fiskeriet, seier skipper på Vikingbank, Anders Klovning.


Samarbeid
Prosjektet kom i gang etter initiativ frå nettopp fiskarane og blei eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet (HI),Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF) og Fiskeridirektoratet.

- Målet har vore å finne metodar for å berekne og regulere fangsten, slik at ein unngår å sprenge sekken. Det er også ein stor fordel om ein kan regulere kor mykje fisk som er i halet før ein tar den opp, slik at fiskarane blir meir treffsikre på fangstmengdene og dermed kan tilpasse fangstane betre i forhold til kva dei har plass til om bord, seier Olafur Arnar Ingolfsson, forskar ved HI.

 
Fekk gode resultat
Alle tokta i prosjektet har vore på båtar som har vore i aktivt fiske. På den måten har forskarane kunne teste ut teoriane sine under praktiske forhold. Representanter frå Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet var med på det siste toktet med Vikingbank i mars, og seier dei fekk gode resultat på denne turen.

- Ja, vi har fått gode resultat, men det er enno mykje meir vi har lyst til å finne ut av. Vi har mellom anna prøvd ut ei løysing med langsgåande spaltar på trålsekken. Desse er tre til fire meter lange, og opnar seg når sekken fyllast opp og presset aukar. Dette i tillegg til ei stor opning nederst i trålsekken og fleire spaltar i toppen, gjer at overflødig fisk kjem seg ut, seier Ingolfsson. Det er tydelig at kolmula søker opp, men i liten grad går ned. Slik informasjon er veldig nyttig for å kunne utforme eit fangstutslepp som ikkje resulterer i fangsttap før sekken er fylt opp.

Det er også prøvd ut ein «fiskelås» som fungerer som ein einvegsventil, der fisken kan passere. Dette er likevel ei løysing som treng meir utprøving før den fungerer optimalt.

 
Les mer om "sekkutløseren" som ble prøvd ut og bifangst på Fiskebåt sin side:

Siste nytt