Makrelltoktet i gang

Publisert: av Roar Bjånesøy

Kings Bay og Vendla la ut fra Bergen i dag og skal sammen med fire andre fartøy dekke et stort område på jakt etter makrell fram til 4. august

– Over fem veker skal vi kartlegge eit område på om lag 3,5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren. Det er godt over ein runde rundt jorda, seier Leif Nøttestad, havforskar og koordinator for det internasjonale toktet på Havforskningens nettsider.

For makrellbestanden har ei enorm utbreiing i Atlanterhavet. Og stadig meir nordleg.

– Ein stor bestand som makrellen treng stor plass. I fjor var mykje av makrellen heilt nord i Jan Mayen-sonen og til dels sørvest ved Svalbard inn i Framstredet. Der rakk vi ikkje å følge makrellen til nullinja, altså til punktet det sluttar å vere makrell. Vi håpar å rekke det i år, seier Nøttestad.

Det årlege tråltoktet etter makrell er éin av fleire viktige indeksar forskarane brukar til å anslå kor mykje makrell det er i havet. Deretter kan dei seie kor mykje det er forsvarleg å fiske – det vi kallar eit kvoteråd.

Det internasjonale havforskingsrådet ICES anslo sist at gytebestanden for makrell no er på 4,5 millionar tonn.

Makrellen har ikkje svømmeblære og står om sommaren spreidd nær overflata i jakta på dyreplankton. Då gir han svakt ekko. Hovudmetoden for å anslå kor mykje det er av han, er derfor å fiske på forhandsbestemte punkt med ein spesialdesigna trål.

– Vi tar prøvar av fisken for blant anna å finne alderen deira. Då kan vi berekne storleiken på dei ulike årsklassane, seier Leif Nøttestad.

– Kor mykje eittårig makrell det er, får for eksempel konsekvensar for kor mykje vaksen makrell det vil vere forsvarleg å fiske i kommande år, fortset han.

Båtane registrerer også andre fiskeslag med ekkolodd, hovudsakleg norsk vårgytande sild og kolmule. Desse indeksane blir fem år gamle etter årets tokt. Då er dei gamle nok til at ICES kan evaluere dei, og vurdere å ta dei inn som kunnskapsgrunnlag i bestandsrådgjevinga for sild og kolmule.

– Mens vi likevel er på eit så omfattande tokt, brukar vi høvet til å overvake ei rekke forhold i økosystemet. Det er sild og kolmule, hestmakrell, rognkjeks, laks, kval og dyreplankton. Frå kikert til mikroskop, med andre ord, seier Nøttestad.

I tillegg kjem havtemperatur, -straum og andre miljøforhold.

Toktet held fram til 4. august.

 

Følg dei på kartet

Nytt i år er at du kan sjå fartøya live på kurskartet, med trålstasjonar. Sjå kartet her:

 

Siste nytt