Markedsadgang for sjømat på agenda

Publisert: av Roar Bjånesøy

Arbeidet med frihandelsavtaler og Brexit er på agenda når fiskeriministeren møter sjømatnæringen 6. mars

Dette melder departementet:

- I ei tid med brexit og økt proteksjonisme blir god marknadstilgang og handelsavtaler stadig viktigare, ikkje minst for sjømatnæringa. Regjeringa sitt mål er å styrke Noreg som sjømatnasjon og sikre norske produkt god tilgang til marknadane, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

I fjor eksporterte Noreg sjømat for 99 milliardar kroner til 146 land. I løpet av de ti siste åra har verdien av norsk sjømateksport auka 122 prosent.
Fiskeriministeren har invitert representantar frå næringsorganisasjonane i fiskeri- og havbruksnæringa, Sjømatrådet og LO til eit årleg møte om marknadstilgang. Målet er å orientere om regjeringa sitt arbeid med sjømathandel, og å få innspel frå næringa.

Dagsorden for møtet:
Brexit
Marknadsstilgang til Kina.
Marknadstilgang til EU.
Marknadstilgang til andre marknader, inkludert Brasil og Indonesia.
USA – Seafood Import Monitoring Program og Marine Mammals Protection Act.
Orientering om bilaterale- og EFTA-forhandlingar som er i gong, nye prosessar, deriblant Kosovo, Moldova og ønska oppstart av forhandlingar med Japan.

Når: Onsdag 6. mars, kl 10:00-11:30.

Kor: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongensgate 8, Oslo.

Siste nytt