Med miljø i fokus

Publisert: av Camilla Klævold

Når nye Selvåg Senior står ferdig i 2023 vil den redusere klimagassutslippene med 42 prosent i forhold til tilsvarende fartøy

- For oss er det viktig å innrette oss etter dei måla som styresmaktene har sett for å redusere dei totale klimagassutsleppa. Her spelar skipsfarten ei viktig rolle, og vi har difor tatt dette på alvor og latt det gjennomsyre heile prosessen med å utvikle vårt nye fartøy, seier reiar Egil Sørheim i Selvåg Senor AS til Fiskebåt.

Samarbeider med SINTEF
Det er Skipsteknisk i Ålesund som har designa båten for Meløyselskapet i tett samarbeid med blant anna SINTEF gjennom programma Optikjøl  og Coolfish,som har tatt for seg kjøleteknologi.

Nye Selvåg Senior skal erstatte dagens Selvåg Senior som blei bygd i 1999. Det nye fartøyet blir utstyrt med ein 350 m3gasstank som står vertikalt i front, og ein stor batteripakke på 1MWh. I tillegg til hybridløysingar på framdrift er det lagt ned eit stort arbeid i å finne optimale løysingar for varme- og kjølegjenvinning.

- Når gassen er under trykk er den kraftig nedkjølt. Den må difor varmast opp før den kan brukast som drivstoff. På den måten kan vi bruke kulda til å kjøle ned fisken med. Når gassen blir brukt som drivstoff frigir den varme, som vi igjen kan bruke til oppvarming. Dermed får vi brukt temperaturane på ein optimal måte, seier Sørheim.

- I grove trekk får vi halvparten av gevinsten med å bruke LNG som drivstoff, medan andre halvparten kjem som eit resultat av andre tiltak som varme- og kuldegjenvinning, skrogutforming, elektriske vinsjar osv., seier Sørheim.


Landstraum
Nye Selvåg Senior blir ein plug-in-hybrid, som betyr at den kan lade batteria frå straumkjelde på land, når den ligg ved kai. Førebels er det likevel få kaianlegg som har tilstrekkeleg straumanlegg til å kunne tilby dette. Selvåg Senior er difor utstyrt med ein diesel-hjelpemotor som skal brukast til å lade batteria om bord, når båten litt til kai for lossing. Ifølge Sørheim kjem denne til å ha ei driftstid på berre 50 timar i året, så den vil ikkje utgjere dei store utsleppa av CO2.

- Vi er avhengige av offentleg støtte frå Enova og NOx-fondet for å få til dette. Dei har gitt støtte til tilsvarande løysingar tidlegare, så eg reknar med at det går i orden. I reknestykket inngår det også at LNG er eit rimelegare drivstoff enn diesel, så på sikt vil nok investeringane svare seg, både for reiarlaget og ikkje minst storsamfunnet sidan vi reduserer utsleppa av klimagassar, seier Sørheim.

Les mer på Fiskebåt sin side:


Selvåg Senior, tekniske fakta;

- Pelagisk fiskefartøy på 80 meter designa av Skipsteknisk AS i Ålesund

- Nyutvikla vertikal LNG-tank med cold recovery

- DF Motor: Wärtsila 8V31DF

- Plug-in hybrid Variabelt turtall 520-750rpm med 690V/60Hz på grid

- Landstraum - 400V/50Hz/360A

- Batterikapasitet 1MWh

 
Selvåg Senior, miljøfakta;

Reduksjon i utslepp ved LNG-drift og alle tiltak jfr. samanlikna ny tonnasje av same type;

SOx: 97%

NOx: 85%

CO2: 45%

Total reduksjon av klimagassutslepp på 42 prosent. Dette inkluderer 6,37 tonn metan.

Siste nytt