Miljøtiltak for havet

Publisert: av Camilla Klævold

Under artisk råd torsdag ble landene enige om en handlingsplan for et renere hav

Det er Fiskarlaget som omtaler saken. – Vi lever alle av dei ressursane vi finn i havet, men for Noreg er dette særleg viktig sidan ein så stor del av havområda våre ligg i nord og ni prosent av befolkninga vår bur i det vi kallar arktiske område, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Ho deltok på møtet i Arktisk råd saman med utanriksministrane frå USA, Canada, Russland, Island, Danmark, Sverige og Finland. Dei vedtok også ein strategi for det arktiske samarbeidet.

Handlingsplanen mot marin forsøpling er sett saman av om lag 60 tiltak for å redusere marin forsøpling i Arktis. Planen inneheld tiltak for å redusere avfall frå fiskeri, akvakultur og skipstrafikk og for å betre avfallsmottak i hamner. Den handlar også om tiltak retta mot strandrydding, forsking og overvaking og internasjonalt samarbeid.

Havet blir stadig viktigare for å dekkje verdas behov for berekraftig energi, transport, mat, medisinar og arbeidsplassar. Men havet er i krise mange stader. Klimaendringar, forureining, overfiske og tap av naturmangfald truar verdshava. Noreg står i fremste rekke i arbeidet for å tryggje hava.

– Plast i havet er eit aukande problem også i Arktis og utgjer ein fare for sjøfugl og sjøpattedyr. Vi treng denne handlingsplanen fordi han både tar initiativ til godt samarbeid om å hente inn meir kunnskap om plast i Arktis og tiltak for å redusere plastforureininga. Denne handlingsplanen er eit godt døme på korleis dei arktiske landa kan utvikle det regionale havmiljøsamarbeidet vidare og gjere ein sams innsats for miljøet i Arktis, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Noreg skal dei neste to åra vere med å leie to samarbeidsprosjekt som gjeld plastforureining i Arktis; eit som skal gi grunnlag for meir effektive tiltak mot tap av fiskereiskap, og eit som gjeld strandrydding i arktiske strøk. Dette er område der Noreg allereie har brei erfaring.

Siste nytt