Møter sjømatnæringen om handel

Publisert: av Roar Bjånesøy

Fiskeriministeren inviterer sjømatnæringa til eit møte om handel og internasjonale marknader, måndag 11. juni. 

Sjømat er vår nest største eksportnæring. Norsk sjømat er ettertrakta i heile verda, og vi eksporterer 95 prosent av all sjømaten vår. Men det er sterk konkurranse, og vi opplever handelspolitiske omveltingar internasjonalt, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Marknadstilgang til Kina, Brexit, EFTAs frihandelsavtaleprosessar og arbeidet med mogleg økonomisk partnarskapsavtale med Japan står på programmet når fiskeriministeren inviterer sjømatnæringa til eit årleg møte om handelspolitiske saker på måndag.

- Eg ser frem til ei gjensidig utveksling med næringa om aktuelle handelspolitiske saker. Eg meiner det er nyttig å samlast for å gjere opp status og for å sjå vidare, seier Sandberg.


Følgjande organisasjonar er invitert: Sjømat Norge, Sjømatbedriftene, Norsk Industri, Norsk Villfisk ( tidligere Fiskesalslagenes Samarbeidsråd) , Norges Sjømatråd, Norges Fiskarlag, Fiskebåt, Landsorganisasjonen Norge, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund.

Program:
Marknadstilgang til Kina.
Brasil.
Brexit.
Marknadstilgang til EU.
USA – Seafood Import Monitoring Program og Marine Mammals Protection Act.
EFTAs frihandelsavtaleprosessar.
Arbeid med mogleg økonomisk partnarskapsavtale med Japan.



Når: Måndag 11. juni kl 12:00.
Kor: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongensgate 8, Oslo.

Siste nytt