Mye tobisyngel på vestlandet

Publisert: av Roar Bjånesøy

Langs vestlandskysten dukkar det no opp observasjonar av store mengder tobisyngel heilt inne i fjæresteinane

– Det er veldig kjekt at dette no ser ut til å gjenta seg. Tobisen er viktig mat for sjøfugl og annan fisk, og seier ein god del om stoda i resten av økosystemet, seier havforskar Espen Johnsen på HI sine nettsider.


– Fiskelykka kan nok også ta seg opp for hyttefolket om situasjonen held fram. Med tobisen blir det liv laga i sjøen.

Det er i Hordaland og Rogaland at den populære byttefisken har blitt observert i relativt store mengder nært land. Både Fiskeribladet og NRK har omtalt fenomenet.

Tobis er eit samleomgrep for fleire typar fisk innan sil-familien. Ifølge forskar Espen Johnsen er det truleg havsil folk no ser langs kysten, den same fisken som er hovudmålet til fiskeflåten på havet.

 

 På det årlege tobistoktet vårt i vår såg vi at det stod svært godt til med rekruttering av ny fisk på mange av tobisbankane. Vi kunne også slå fast at 2016-årsklassen er historisk sterk, seier Johnsen.

På bakgrunn av funna, kunne dei tilrå ei høgare tobiskvote i mange område. Les også: Oppjusterer kvoterådet for tobis til 125.000 tonn

Johnsen kan ikkje seie sikkert om fisken som no blir observert langs kysten høyrer til dei same bestandane dei såg på tobistoktet. Tobis gyter også på sand langs kysten.

– Vi veit ikkje om tobisyngelen langs kysten kjem frå havet, eller om han har lokale foreldre. Det er eit veldig interessant spørsmål, seier Johnsen.

Ein hypotese på dei historiske tobis-innsiga, var at overskot frå tobisbankar kombinert med dei rette straumforholda har spelt ei rolle. Tobis langveges frå kan i neste omgang ha slått seg ned meir kystnært og gitt opphav til ny fisk lokalt.

Les mer om saken på HI her: 

L
es mer om tobisobservasjonene på Vestlandet hos NRK ( her) og Fiskeribladet ( her) 

Siste nytt