NVG-sild regulering for 2020

Publisert: av Roar Bjånesøy

I kyststatsforhandlingane om norsk vårgytande sild (nvg) blei det 24. oktober inngått ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 525.594 tonn

Dette er i samsvar med forvaltningsplanen som er vedteken, og i tråd med rådgjevinga frå det internasjonale havforskningsrådet ICES.

Av dette har Noreg sett seg ei kvote på 399.451 tonn, noko som inneber ein norsk del på 76 prosent. Av dette er det sett av 1 000 tonn til forsknings- og undervisningsformål, 572 tonn til rekrutteringsformål og 500 tonn til agnkvoter.

I open gruppe vidarefører ein ordninga med ei avsetning på 2 000 tonn.

I lukka gruppe er overreguleringa sett til 20 prosent, dette med basis i erfaringar frå fisket i år.

I all hovudsak er reguleringa for 2020 lik reguleringa for 2019.

 

Les forskriften for NVG-sild her

Siste nytt