Ny kommunikasjonsdirektør ved HI

Publisert: av Camilla Klævold

Maria Hauge fra Os får jobben fast på Havforskningsinstituttet etter å ha fungert i stillingen i to omganger

– Ein av dei viktigaste kommunikasjonsjobbane på Vestlandet er no opptatt, seier direktør ved Havforskingsinstituttet (HI), Sissel Rogne til HI.

– Det er hyggeleg at ho er frå eigne rekker, men ho har nådd fram i hard konkurranse etter å ha «varma opp» ei stund som fungerande kommunikasjonsdirektør. No begynner det langsiktige og målretta arbeidet, fortset Rogne.

Hauge har jobba ved HI i 11 år, og stod klar til opprykk då tidlegare kommunikasjonsdirektør Torny Aarbakke gjekk til Skatteetaten tidlegare i haust. Også hausten 2018 fungerte ho ein periode som kommunikasjonsdirektør. Då stillinga blei lyst ut fekk ho konkurranse frå 29 andre søkarar.

I tillegg til lang erfaring frå HI har Hauge bakgrunn blant anna frå journalistikk og lokalpolitikk i tidlegare Os, no Bjørnafjorden kommune.

Marie Hauge seier ho er glad og stolt over å få tillit i ein organisasjon som har så tydelege mål og klare ambisjonar om å gjera ein forskjell.

– På Havforskingsinstituttet står samfunnsaktuelle spørsmål på agendaen kvar dag – både for havnasjonen Noreg og i eit internasjonalt perspektiv. Vi har over 1000 engasjerte og dyktige tilsette frå Tromsø i nord til Flødevigen i sør. Eg har vanskeleg for å sjå for meg ei meir spennande og givande kommunikasjonsdirektørstilling, seier ho.

Siste nytt