Ny rekord for ungdomsmønstringa

Publisert: av Camilla Klævold

Nesten 2000 ungdomsskoleelever deltok fredag på «Fiskeflåtens Ungdomsmønstring» på nett-tv

Dette skriver Fiskebåt. I fjor var det nesten 1500 skulelevar som deltok, fordelt på tre forestillingar i Ålesund kulturhus. I år har koronaviruset ført til at planane måtte endrast og samlinga måtte gjennomførast digitalt. Dermed var det enda fleire skuleklassar som hadde lyst å delta. Totalt enda det på 1808 elevar i 10. klasse fordelt på 34 skular.
 
Sending på Youtube
- Vi la difor opp til ei TV-sending på Youtube der elevane kunne site å følge programmet frå sine eigne klasserom. Ei utfordring var at vi har ein Kahoot-konkurranse, men det gjekk bra det også, sjølv om det var mange som deltok, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt.


Viktig arena for rekruttering
Den årlege ungdomsmønstringa har blitt ein viktig arena for å fortelje ungdom om eit spennande yrkesval innan fiskeri. Bak satsinga står organisasjonane Fiskebåt, Fiskarlaget, Surofi og Marint kompetansesenter. I tillegg er Sildesalgslaget og Sparebanken Møre med som sponsorar av arrangementet.

- Fiskaryrket har blitt svært populært, men samtidig er det få som veit så mykje om det. Difor samlar vi ungdomar for å fortelje dei litt om kva dette går ut på før dei skal velge skulegang vidare. Så har vi alltid med oss ein kjend artist. Dei siste åra har dette vore Amanda Tenfjord, som også i år leverte etter forventningane, seier Dahle.


Se flere bilder på Fiskebåt sin side:

Siste nytt