Opp for kolmule, ned for sild

Publisert: av Roar Bjånesøy

I dag la ICES frem kvoterådene for NVG-sild, makrell, kolmule og hestmakrell for 2023

Kvoteråda for pelagiske bestandar er utarbeidd av ICES si arbeidsgruppe for artar med vid utbreiing, der Havforskingsinstituttet er ein sentral bidragsytar.

Oppgang for kolmule

Kvoterådet for kolmule går opp med heile 81 prosent i forhold til rådet forskarane gav for 2022. Forskarane tilrår at fangstane av kolmule ikkje stig over 1 359 629 tonn neste år. 

Det er 23 prosent høgare enn dei forventa fangstane i år.

– Kolmule har hatt god rekruttering til bestanden dei siste åra, blant anna med ein rekordsterk 2020-årsklasse som er oppjustert frå fjorårets bestandsvurdering, seier bestandsansvarleg Åge Høines.

Nedgang for sild

Kvoterådet for norsk vårgytande sild (NVG-sild) er på 511 171 tonn; ned 15 prosent frå fjorårets råd, og 38 prosent lågare enn forventa fangstar i 2022.

– For NVG-sild ser vi ein sterk 2016-årsklasse, men årsklassene etterpå er svake, og det trengst påfyll frå nye sterke årsklassar. Sjølv ved å følgje forvaltiingsstrategien i 2023 er gytebestanden forventa kome under føre var-grensa i 2024, seier bestandsansvarleg Erling Kåre Stenevik.

Rådet for nordsjøsild blei lagt fram 30. juni.

Stabil makrell – nullråd for hestmakrell

Bestandsvurderinga av makrell viser at bestanden har relativt jamn og god rekruttering. Kvoterådet på 782 066 tonn er stabilt frå i fjor, med ein liten nedgang på 2 prosent.

Rådet inneber likevel ein reduksjon i forhold til fangstane i 2022 på nesten ein tredel.

For hestmakrell gir forskarane råd om null fangst i 2023. For 2022 rådde forskarane til eit fiske på maksimalt 71 138 tonn.

– Bestandsstorleiken for hestmakrell er justert ned frå fjorårets bestandsvurdering. Årets vurdering tilseier at gytebestanden vil vere under kritisk nivå i 2024 sjølv med nullfiske i 2023, seier forskingssjef Aril Slotte.

Manglande internasjonale kvoteavtalar

Havforskarane samarbeider gjennom ICES om å vurdera bestandsstatus og gi kvoteråd for felles bestandar i Nordaust-Atlanteren. Så er det styresmaktene som fastset fangstkvotar, vanlegvis etter internasjonale forhandlingar. 

Dei siste åra har kyststatane ikkje blitt einige om kvotefordeling for NVG-sild, makrell og kolmule.

– Manglande internasjonale avtalar har gjort at fisket har vore godt over kvoterådet dei siste åra. Det er ei utfordring for desse store bestandane, seier Aril Slotte.

Les også: Dette er ICES

Siste nytt