Overrasker forskerne

Publisert: av Roar Bjånesøy

Årest tobistokt har avdekket at tobisen er uvanlig tynn og skral. Den dårlige tilveksten kan skyldes en sen og kald vår og at fisken har fått altfor lite å ete

Havforskningen har sendt over sitt råd om kvote til Nærings- og fiskeridepartementet – og  åtvarar mot å auke årets kvote ( toktrapport) .

Det skuldast oppsiktsvekkjande funn under årets tobistokt i norsk sone i Nordsjøen, skriver Havforskningen

( Havforskningen oppmoder om fryseprøver fra flåten, sjå lenger nede i saken)
 

Har lagt på seg utruleg lite

I fjor var det «all time high» med eittårig tobis.

– Vi har hatt dette toktet sidan 2005, og hadde aldri sett så mange eittåringar som i 2017, seier bestandsansvarleg, forskar Espen Johnsen. – Så i år forventa vi å sjå mange toåringar.

Mange toåringar var det, men forskarane var svært overraska over kor små og magre dei var.

– Individa hadde vakse veldig lite sidan i fjor.

På førehand rekna forskarane med at tobisen ville ha vakse seg om lag 50 prosent større enn i fjor. Men dei hadde lagt på seg under 10 prosent.


Dårleg tilvekst: Få eittåringar

Fisken er ikkje berre tynnare, det er også tynt i rekkene i den unge generasjonen.

– Det er dårleg rekruttering i år, seier Johnsen. – Det betyr at det er svært få eitt år gamle fiskar.

På tobistoktet brukar forskarane ekkoloddmålingar, trål og tobisskrapar. Dei reknar ut kor mange tonn fisk det er (biomasse), kor mange individ det er og kor gamle individa er. Vidare ser dei på lengde og vekt, og korleis fisken er spreidd ut geografisk.

Forskarane er spesielt opptatt av dei yngste – rekrutteringa.

Denne kunnskapen blir brukt til å gje råd om kor stor kvota bør vere for at fisket skal vere berekraftig.


Iskald vår kan ha skulda

– Når vi opna magane på fisken, ser vi at dei har ete lite.

Det er med fisk som menneske; med mykje mat i magen, legg ein på seg. Tobis et dyreplankton, og den dårlege veksten tyder at det har vore lite dyreplankton å få tak i for tobisen.

Det kan skuldast ein kald vår.

– Det var veldig kaldt i Nordsjøen under toktet i år. På femti meters djup var det heile tre grader kaldare enn på same dato i fjor.

At våren kom seint, kan ha ført til at algeoppblomstringa i havet også kom seinare i gang.

– Kulden får dermed ein dobbelt effekt: mindre mat for fisken, samtidig som det er dokumentert at fisk veks dårlegare i lågare temperaturar.


Kan sommarvarme feite opp tobisen?

Då blir det meir mat for tobisen, men det store spørsmålet er om det er tidsnok.

– Det skal veldig mykje til, for å ta att det tapte, seier Johnsen. – Dette vil få konsekvensar for rådet vårt om kvote til neste år.


Ber fiskarflåten om hjelp    ( Sjå prosedyrer for fryseprøver her) Dette var sendt til flåten tidligere i år

Tobiskvota er i tonn. For fiskarane betyr tynn tobis at dei må fiske fleire individ for å fylle opp kvota.

– Vi kjem med ei mellombels kvote i januar, og i år var denne på 70.000 tonn. Det er ikkje forsvarleg å fiske meir enn dette i år, når vi no veit kor tynn fisken er, seier Johnsen.

Men HI vil følgje situasjonen nøye, og til det treng dei hjelp frå flåten.

– Vi ynskjer oss rikeleg med prøvar frå flåten frametter, for å sjå om fisken si vekt aukar.

Resultata frå toktet har blitt kvalitetssikra gjennom fleire ledd på HI før det vart offentleggjort.

Siste nytt