Redusert seikvote

Publisert: av Camilla Klævold

ICES kom i dag med kvoteråd for 2022 for botnfiskbestandane i Nordsjøen og områda rundt

Dette skriver Havforskningsinstituttet. Kvoterådet for sei er at det ikkje skal fiskast meir enn 49 614 tonn, som er ein nedgang på 24% i høve til kvoterådet for 2021.

– Grunnen til nedgangen for sei er dårleg rekruttering, og at gytebestanden går ned, seier havforskar Bjarte Bogstad.

Lite endring for torsk
For torsk i Nordsjøen er rådet på inntil 14 276 tonn, som er 3% lågare enn rådet for 2021.

Gytebestanden for torsk er nedjustert frå i fjor. I tillegg er også gjenoppbyggingsmålet redusert, sidan det no tar utgangspunkt i bestandsnivået for perioden 1998-2020, medan det tidlegare også tok omsyn til at bestandsnivå og rekruttering var høgare i tida før 1998. Desse to faktorane gjer at kvoterådet blir lite endra frå i fjor.

– Historisk sett er dette svært låge råd både for sei og torsk, som er dei to viktigaste botnfiskbestandane i Nordsjøen for norske fiskarar, seier Bogstad.

Meir hyse og kvitting
Bogstad opplyser at ICES tilrår at hysekvoten går opp med 86% til 128 708 tonn, og kvoten for kvitting opp med 236% til 88 426 tonn. For hyse er rådet høgare enn på mange år, på grunn av at årsklassene 2019 og 2020 er sterke. Hovudgrunnen til at rådet går opp for kvitting er at referansepunkta er endra.

Rådet for rødspette går ned med 15% til 142 508 tonn, og rådet for lysing ned med 27% til 75 052 tonn.

For desse fire bestandane utgjer norsk fiske ein liten del av totalfangsten.

Oppdateringar i november
– Kvoteråda for Nordsjøen kan kvart år bli revurdert om hausten på grunnlag av oppdatert informasjon, slik at ein må rekne med at nokre av råda då kan bli endra, seier Bogstad.

Dei oppdaterte råda blir offentleggjort 5. november.


lenke til råd hos ICES her:

Siste nytt