Rekordhøye målinger av tobis gir kvoteråd på 250 000 tonn

Publisert: av Camilla Klævold

Havforskningsinstituttet rår dermed dobbelt kvoteråd sammelignet med fjoråret

God rekruttering, fremdeles mye eldre fisk og god mattilgang har bidratt til høye tobismålinger. Årets førebelse kvoteråd var på 110 000 tonn. HI rår til at underområda 1a, 1c, 2b, 2c,3b,3c, 4a (sjå kart) blir verande opne i perioden 15. april – 23. juni.

Les toktrapporten bak kvoterådet.

Fleire sterke årsklassar og godt «oppfeita»
Rådet er ei oppdatering etter årets akustikk- og tråltokt etter tobis. Leigefartøyet «Eros» klappa til kai onsdag, og forskarane har gått i land med nye data.

– Årets tokt gjekk veldig bra med godt vêr og gode arbeidsforhold. Vi har heller aldri sett så mykje fisk og anslår at gytebestanden er vesentleg større enn det vi har observert dei siste to tiåra, seier bestandsansvarleg Espen Johnsen til HI.

Nokre av funna som gjer at forskarane no kan rå til den massive kvoteauken:

- Tobisen var jamt fordelt mellom dei sørlege fiskebankane.
- Tre av dei fire siste årsklassane var over middels sterke for første gong i toktserien.
- Rekrutteringa (2019-årsklassen) er historisk sterk.
- Den svært sterke 2016-årsklassen er framleis talrik.
- Mykje dyreplankton i sjøen og i magane til tobisane har gitt god individuell vekst.

– Har knekt ein kode
Tobisane lever dels nedgravne i sandbotn, og bestanden deler seg derfor inn i sandbankar på avgrensa område i Nordsjøen. I 2011 innførte Norge eiga norsk kvote per område, med fiske i berre delar av kvart område. Dette for å bygge opp igjen tobisbestanden og sikre berekraftig fiskeri.

– Så langt tyder alt tyder på at forvaltningsmodellen funkar. Vi har sett ei stadig betring i nesten heile norsk økonomisk sone. Eg håpar og trur at vi har knekt ein kode, seier forskaren.

– Nøkkelen er gode akustiske tokt, gode fangstdata frå fiskeflåten og områdebasert forvaltning som hindrar for stort lokalt fisketrykk, fortset han.

Derimot ligg Vikingbanken framleis brakk, uten at man helt sikkert kan seie kvifor. HI rår dermed at området framleis blir stengd for fiske, slik det har vært siden 2000-talet.


Les mer og se bildeserie på Havforskningsinstittuet:

Siste nytt