Så mye unglodde på økosystemtokt

Publisert: av Camilla Klævold

I halvannen måned har norske og russiske fartøy sømfart Barentshavet, her fant de gode mengder lodde-rekrutter og polartorsk

Dette skriver Havforskningsinstituttet på sin side. – Dei foreløpige resultata frå norsk side tyder på at desse artane har hatt gode kår i Barentshavet det siste året, seier toktleiar Georg Skaret.

Lodda er ein «hovudperson». Det meste vi veit om bestanden kjem frå økosystemtoktet.

– Kor mykje lodde vi registrerer på dette toktet er den viktigaste faktoren for kvoterådet på bestanden – altså når vi saman med russarane lagar eit råd til myndigheitene på kor mykje lodde det er forsvarleg å fiske, forklarar toktleiar Georg Skaret.

Han er om bord på forskingsfartøyet «Johan Hjort», på veg mot fastlandet. Forskarane går då i gang med å bearbeide data. Men Skaret kan trekke nokre store linjer allereie:

Etter fleire år med svak rekruttering, ser det ut som om lodda har hatt eit godt år.

– Vi hadde låge forventningar. Men no har vi sett gode mengder eittåringar i tillegg til god overleving og fin vekst hos den gytemodne lodda, seier Skaret.

– God rekruttering er positivt for framtida. Men dei fiskane vi har sett mest av i år, vil ikkje vere aktuelle for fiskeriet før om to år. Så det gjenstår å følge utviklinga deira framover, seier forskaren.


Kvoteråd for lodde kommer 14. oktober.


Les mer om økosystemtoket og polartorsken på HI sin side:

Siste nytt