Skjæran på fiskeriturne

Publisert: av Camilla Klævold

Fiskeri- og havministeren skal de neste dagane delta på landsmøtet i Noregs Kystfiskarlag, plukke søppel og snakke om kvotemeldinga

I dag, mandag 12. september, befinn Skjæran seg i Vesterålen for å få fleire innspel på kvotemeldinga. Regjeringa skriv i ei pressemelding at kontrakta mellom sjø og land står sentralt.

Framtidas fiskeri
Fiskeri- og havministeren reiser til Myre i Vesterålen for å møte fiskerinæringa og høyre om deira erfaringar og innspel. Fra før har fiskeriministeren vore på fiskeriturne på Husøy og i Ålesund.

– Det er eit mål for regjeringa å auke tilverking av sjømat i Norge, og samfunnskontrakta mellom hav og land skal styrkast. No dreg eg til Myre for å høyre meir om korleis dette kan fungere i praksis, seier statsråden.

– Fiskerinæringa er utruleg viktig for norsk økonomi, og for verdiskaping og arbeidsplassar langs heile kysten. Kvotemeldinga skal stake ut vegen for framtidas fiskerinæring, legg han til.

Landsmøte og strandrydding:
Onsdag 14. september besøker fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran Bodø. Landsmøte i Noregs Kystfiskarlag, utdeling av fiskegrateng hos Kirkens bymisjon, og strandrydding på Teistholmen står på agendaen.

Statsråden startar dagen på landsmøtet til Noregs Kystfiskarlag. Deretter skal Skjæran delta på utdeling av fiskegrateng hos Kirkens bymisjon i forbindelse med arrangementet Hele Nord-Norge spiser fiskegrateng, eit arrangement i regi av SMAK (Matfestival for og i Nord-Noreg) og Noregs Råfisklag.


Program Vesterålen:

09:00-10:30 - Besøk hos Gunnar Klo As og fiskebåten «Olagutt»

10:30-11:15 - Besøk hos Primex Norway AS

11:15-12:00 - Besøk hos Vesterålen Marine Oljer AS

12:00-13:00 - Lunsj

13:00 til 15:00 - Innspelsmøte om kvotemeldinga på Rådhuset

Deltakarar er mellom anna: Kystfiskarlaget, Øksnes Fiskarlag og Fiskebåt Nord.


Program Bodø:

09.00-11.30 Landsmøtet i Noregs Kystfiskarlag (Stad: Scandic Bodø hotell,  Sjøgata 23).

11.45-12.15 Statsråden deltek på arrangementet Hele Nord-Norge spiser fiskegrateng (Stad: Kirkens bymisjon – Bankgata 9).

12.30-14.00 Strandrydding på Teistholmen (Stad: avgang frå Bodø sentrum kl. 12.35 med retur til Bodø sentrum kl. 14.00).

Siste nytt