Tilrår ingen loddekvote i 2020

Publisert: av Kenneth Garvik

Det internasjonale havforskningsrådet (ICES) meiner det ikkje bør opnast for loddefiske

Tilrår at det iikje blir loddefiske i Barentshavet i 2020

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) meiner det ikkje bør opnast for loddefiske i Barentshavet til neste år. Havforskar Bjarte Bogstad seier bestanden ligg langt under grensa for å tilrå kvote.

Under økosystemtoktet om hausten måler forskarane det som kallast «den modnande bestanden», det vil seie den vaksne delen av loddebestanden. Den dannar grunnlaget for det som skal bli gytebestand neste vår. Då må forskarane berekne kor mykje torsken og andre artar forsyner seg av lodda i løpet av vinteren. Under toktet i haust målte forskarane den modnande bestanden til å vere på rundt 300 000 tonn.

– Den nedre grensa for gytebestanden er på 200 000 tonn, og prognosen viser at det er nesten 98 prosent sikkert at gytebestanden kjem under dette – sjølv utan fiske. Denne gongen ligg vi såleis langt under grensa for å tilrå kvote, seier Bogstad.

Les hele saken fra Havforskningsinstituttet her:

Siste nytt