Tobisrådet opp med 70 000 tonn

Publisert: av Camilla Klævold

Havforskningsinstituttet har oppjustert kvoterådet for tobis fra 55 000 til 125 000 tonn

Dette skriver Havforskningsinstituttet på sine sider. Forskar Espen Johnsen er så vidt komen i land frå det årlege mai-toktet på tobisfelta i Nordsjøen. Med seg har han eit oppdatert tobis-råd.

God rekruttering
– Vi konstaterer at det er relativt god rekruttering hos tobisen. Rekrutteringa er blant dei tre beste vi har dokumentert dei siste åra, fortel Espen Johnsen. Dei lyse utsiktene gjer at kvoterådet går markant opp.

Les bakgrunnen for kvoterådet her: Toktrapport for tobis, mai 2019

HI driv områdebasert forvalting der tobisbankane er delt inn i fleire delområde. Nokre delområde er alltid stengt for å sikra lokal rekruttering. Delområda 1b, 1c, 2b, 2c, 3b, 3c og 4a er åpne for tobisfiske, men det blir ikkje opna for fiskeri på Vikingbanken, der bestanden framleis er kritisk låg.

2016-årsklassen har lagt på seg
Toktet viser også at det er meir biomasse av årets treåringar enn kva det kunne sjå ut som frå fjorårets tobistokt.

– Den historisk sterke 2016-årsklassen dominerer på tobisfelta, og dei nye toktresultata stadfestar at det er snakk om ein kolossalt god årsklasse. Det lovar godt for bestanden, seier Espen Johnsen.

Tar igjen vekttap
Under den seine og kalde våren i fjor var forskarane uroa for dei unge tobisane. Fiskane var skrinne. Espen Johnsen fortel at tobisen er i god stand i år, og at mattilgangen er god.

– Men tobisen har ikkje klart å henta seg inn 100 prosent etter den dårlege veksten dei hadde i fjor.

Siste nytt