Vil ha unntak for arbeids- og hviletidsreglene for fiskere

Publisert: av Camilla Klævold

På grunn av store variasjoner i praktisering av arbeids- og hviletid har et utvlag foreslått en ny unntaksregel for fiskeflåten

Dette skriver Fiskebåt. Ei tidlegare undersøking blant fiskarar viser at det er store variasjonar i praktisering av arbeids- og kviletid, og at dei største utfordringane er i dei fiskeria som er sesongbaserte og har arbeidsintensive periodar.

Sjøfartsdirektoratet sette difor tidligare i år ned ei arbeidsgruppe som fekk i mandat å foreslå hensiktsmessige løysingar innafor dei rammene som er trekt opp i internasjonalt regelverk, og som Noreg er bunde av. Arbeidsgruppa har no levert si innstilling.

Unntak

Arbeidsgruppa som er samansett av representantar frå blant anna Fiskebåt, tolkar reglane slik at det er mogleg med unntak, så lenge det er saklege grunnar for det, og at grunnleggande krav til helse og tryggleik blir ivaretatt.

Ifølgje arbeidsgruppa er det opning for at mannskapet kan redusere kviletida ned til ei kvileperiode på seks timar i døgnet, så lenge kvar enkelt er sikra minimalt 70 timar kvile i løpet av ein 168 timar periode.

Arbeidsgruppa ber no Sjøfartsdirektoratet fastsette denne ordninga, slik at den gjeld for alle fiskefartøy.

Les hele saken her:

Les rapporten her:

Siste nytt