Vil ikke endre kvotetaket

Publisert: av Roar Bjånesøy

Arbeiderpartiet vil ikkje reversere auka kvotetak for fiskebåtar som er større enn 11 meter. Det slår Ap-leiar Jonas Gahr Støre fast

Dett er ei viktig avklaring, skriver Fiskebåt på sine hjemmesider. 

Rett før sommaren vart kvotetaket for båtar over 11 meter auka slik at båtar som er mellom 11 og 15 meter kan auke frå fire til seks kvotar per båt, medan båtar over 15 meter kan auke frå seks til åtte kvotar per båt. SV og Senterpartiet har sagt at dei vil endre dette viss dei kjem i regjeringsposisjon etter valet, men det vil ikkje Arbeidarpartiet vere med på, skriv avisa iFinnmark.

Viktig avklaring
Administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk, meiner dette er ei viktig avklaring frå Støre.

- Kvotetaket for kystflåten har ikkje vore endra sidan 2004. Det var difor på høg tid at denne endringa kom. Avklaringa frå Jonas Gahr Støre er både nyttig og viktig, seier Maråk.

Gode grunnar
Motstandarane mot å heve kvotetaket fryktar at færre båtar vil gå utover dei små kystsamfunna. Ifølgje iFinnmark, seier Støre at det er fleire grunnar til å heve kvotetaket, men at det føreset heilårsdrift for å sikre industrien råstoff også om hausten.

Avgjerande
Ifølgje Fiskebåt er hevinga av kvotetaket heilt avgjerande for å sikre ei framtidsretta fiskerinæring.

- Hevinga av kvotetaket for dei små båtane er naudsynt for å sikre at flåten skal kunne drive meir effektivt, og kunne fornye seg. Skal vi møte komande utfordringar og nå dei miljømåla vi har sett oss, er vi avhengige av å ha ein moderne fiskeflåte. For å få til det, må den ha ei inntening som kan forsvare nye investeringar, seier Audun Maråk i Fiskebåt.

Siste nytt