Vil øke kontrollavgiften

Publisert: av Camilla Klævold

Dette kom frem i fremleggelsen av statsbudsjettet i dag

- Sjømatnæringa skaper viktige arbeidsplassar langs kysten vår og er viktig for framtidig vekst i den blå økonomien. Men ulovleg handel med fisk truer denne framtida. Ulovleg fiske og omsetnad undergrev berekraften i fiskeriforvaltinga og skadar konkurransevilkåra for dei seriøse sjømatbedriftene, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i en pressemelding.

Fiskerikontrollutvalet har stadfesta at Noreg ikkje har god nok kontroll med uttaket av fiskeressursane våre. Det gir eit stort rom for ulovleg vinning. Regjeringa foreslår å styrkje fiskerikontrollen i tråd med dei sentrale råda til fiskerikontrollutvalet.

Kontrollavgifta er foreslått sett til 0,22 prosent av verdien av omsetninga i førstehand. Det er foreslått at fartøy under 15 meter ikkje betalar avgift det første året.

Regjeringa vil styrkje Fiskeridirektoratet sin kompetanse og kapasitet til å drive kontroll. Regjeringa vil og følgje utvalet sitt sentrale råd om å lage eit betre dokumentasjonssystem, som på same tid minimerer høvet til å bryte lova og leggjer til rette for størst mogleg verdiskaping.

CO2 avgifta for fiskeri økes også i statsbudsjettet. Opposisjonen reagerer på avgiftane.

– Statsbudsjettet bærer bud om at regjeringa har pekt seg ut fiskeri og fiskere som en melkeku for å kreve inn nye avgifter til statskassen. Dette er nok regjeringens hevn for at de ikkje fikk flertall for å innføre en egen statlig skatt for fiskeri, grunnrenteskatt, sier Pollestad til Fiskeribladet.

Siste nytt