Viser livet på sjøen

Publisert: av Roar Bjånesøy

Youtubevideoar og oppdateringar på Facebook er avgjerande for omdømmebygginga til reiarlaget Hermes.

- Vi brukar sosiale medium aktivt for å nå fram med vår bodskap og vise korleis livet er på sjøen, seier Jan Roger Lerbukt, dagleg leiar i Hermes.

Dette skriver Fiskebåt.


Nye metodar
På ombordfrystkonferansen i Ålesund i dag, viste han korleis reiarlaget brukar nye metodar for å nå ut til både kundar og publikum. Eit viktig tiltak både for å drive kundekonktakt og med tanke på rekruttering.

- Vi brukar Facebook som vår hovudkanal og har i dag rundt 3500 følgarar som følgjer oss dagleg. I tillegg legg vi ut videoar på Youtube, seier Lerbukt

BBC-program
Desse videoane har også før til at reiarlaget har fått plass i britiske BBC. I programserien ”verdas tøffaste jobbar” har reiarlaget fått vist seg fram.

- Vi viser folka og fiskarane og i svært liten grad fisk. Det kan vere vakre nordlysbilde, ei helsing på 17. mai eller bilde der vi brukar humor, seier Lerbukt.

Les resten av saken på fiskebåt.no

Andre nyheter