Meny

Åtte prosent mindre Atlanterhavstorsk i 2015

article image Foto: Norges Sildesalgslag

Tilførselen av Atlanterhavstorsk på verdsmarknaden kjem til å gå ned med 8 % neste år

24.10.2014 07:49

Dette skriver Fiskebåt på sine nettsider.

 

Det opplyste bransjesjefen for torskefisk i Sjømatrådet, Ove Johansen, då torskefiskkonferansen opna i Tromsø i dag. Tilførselen blir på 1 233 000 tonn i 2015 mot 1 334 000 tonn i år.

For Stillehavstorsk er det rekna med ein liten auke på ein prosent, frå 482 000 tonn i år til 487 00o tonn neste år.

Når det gjeld hyse går tilførselen neste år ned med ein prosent, medan situasjonen for sei vil vere uendra på verdsmarknaden.