Meny

Enklare å søkje om lisens

article image Foto: Norges Sildesalgslag

I følgje Fiskeridirektoratet kan fartøyeigarar no elektronisk søkje om lisens for fiske i andre land sine sonar via Altinn. Det vil gjere søknadsprosessen enklare for brukarane.

03.03.2014 22:55

Dette skriver Fiskebåt på sine hjemmesider.

- Den elektroniske varianten av søknadsskjema er eit tilbod til brukarane våre. Men fartøyeigarar kan framleis velje å sende lisenssøknad på papir, slik dei er vande med, seier seksjonssjef Stein-Åge Johnsen ved reguleringsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Frå fem til to skjema

Dagens fire papirskjema for fiske i grønlandsk, færøysk, russisk og EU-sone er slått saman til eitt skjema. Søkjar skal framleis sende inn eitt skjema per sone, men kan lett kopiere eit innsendt skjema for å søkje om ny sone. Registreringsskjema for fiske i NEAFC-området (utanfor nokon stat sin fiskerijurisdiksjon), er laga som eit eige skjema.

Hentar data frå fartøyregisteret

Ein av fordelane med elektroniske skjema, er at dei er kopla mot Fiskeridirektoratet sitt fartøyregister. Det gjer at alle data om fartøyet blir henta inn i skjemaet automatisk.
- Vi trur brukarane våre vil spare tid på utfyllinga, sidan dei kan hente inn nødvendig fartøyinformasjon basert på fartøyet sitt kjenningssignal eller registreringsmerke, fortel Johnsen.

Innsendte skjema blir arkivert i ti år

Alle innsende skjema blir liggjande i søkjar sitt arkiv i Altinn i ti år. Søkjar har difor god oversikt over alle innsendte søknader.

Kan kopiere tidlegare innsendte skjema

Frå arkivet i Altinn kan søkjar velje å kopiere ein tidlegare innsendt søknad, og sende inn på nytt. Dette gjer at det er lett å endre innhald i ein søknad, eller sende inn søknad for nytt lisensår.