Meny

Foreslår støygrense for seismikk

article image Foto: Norges Sildesalgslag/Roar Bjånesøy (2019)

Forskarane fra HI er klare med sine årlege råd om støy frå seismikk, elektromagnetiske undersøkingar, sprenging under vatn og havvind

01.02.2023 11:32

– Fisk og sjøpattedyr høyrer godt og brukar lyd til kommunikasjon, paringsleik eller overleving. Menneskeskapt støy kan forstyrre dette, seier forskar Lise Doksæter Sivle til Havforskningsinstituttet.

Ho leiar arbeidet med den årlege kunnskapsoppsummeringa frå HI om støy i havet, med råd til myndigheitene.

No er 2023-rapporten ute, som dekker seismikk, elektromagnetiske undersøkingar, sprenging under vatn og havvind. Les heile forskingsrapporten:

Føreslår å gå over til støygrense på seismikk
For seismik er råda kart som viser kor du ikkje bør skyte seismikk til kva tider. I hovudsak gytefelt og gytetidspunkt for viktige fiskeartar.

– Tidlegare har vi operert med ei avstandsgrense, men nytt av året er at vi føreslår å gå over til ei støygrense. Det kan innebere at oljeleiteselskap kan skyte seismikk nærare dei viktige felta om dei kan dokumentere at dei held seg under støygrensa, seier Sivle.

Rådet er basert på ferske forskingsresultat som viser at gytande fisk ikkje stikk av frå gyteområdet så lenge støyen er under eit visst nivå.

I tillegg er områda og periodene for nordsjøtorsk, kysttorsk, augepål og kvitting oppdaterte i karta.

Dekker også «dynamitt» og havvind
Rapporten tar også føre seg undersjøiske sprengingar. Forskarane gir ei rekke råd for korleis sprengladningar kan gjere minst mogleg skade på dyra i nærleiken.

– Du kan for eksempel legge ut boblegardin, eit røyr med ein straum av luftbobler, rundt ladningen. Dette dempar den høge lydpulsen som forplantar seg i vatnet, forklarer forskaren.

Veit ikkje nok om lyd frå havvind
Når det gjeld havvind er forskarane tydelege på at kunnskapsgrunnlaget er tynt, men at meir kunnskap er på veg.

Dei rår generelt frå vindkraftutbygging i område som er spesielt viktige for økosystemet.

– Men det er store skilnader i støy frå eit anlegg til eit anna. Vi rår til å velje turbinar og fortøyning som bråkar minst mogleg. For eksempel at det ikkje blir konstant rykking og napping i ankerkjetting, som er vist å vere ei kjelde til støy, sier Sivle.


Les meir om råda som gjeld seismikk og havvind hos HI: