Har kartlagt fiskerihavner
Fiskeridirektoratet og Kystverket har gjennomført ei kartlegging av dei statlege fiskerihamnene, med tanke på Kystverket si avhending av fiskerihamner som ikkje lenger er næringsaktive.
14.08.2012 15:20
Arbeidet er gjort etter initiativ frå Kystverket, som forvaltar dei om lag 600 statlege fiskerihamnene i landet. Forvaltinga inneber planmedverknad i arealplanar, vurdering av avlesing av rettigheiter, utleige av areal, inngåing av driftsavtalar, løyver til tiltak etter § 28 i hamne- og farvasslova, med meir. I dei fleste sakene blir regionkontora til Fiskeridirektoratet kontakta for å avklare fiskeriinteressene i den aktuelle hamna.
Mange av desse statlege fiskerihamnene er i dag ikkje-næringsaktive. Gjennom statsbudsjetta dei siste åra har Kystverket difor hatt i oppdrag å utføre ei avhending eller overføring av slike ikkje-næringsaktive fiskerihamner til nye formål, skriver Kystverket på sine nettsider.
Les hele saken på www.kystverket.no