Meny

Kvoterådet for nordsjøsild opp for 2027

Nordsjøsild
article image Foto: Norges Sildesalgslag/Camilla Klævold

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at totalfangsten av nordsjøsild i 2027 ikkje overstig 396 680 tonn.

30.04.2026 12:24 | Av Roar Bjånesøy

Dette melder Havforskningsinstituttet:

Kvoterådet er 38 prosent høgare enn rådet for 2026, og 21 prosent høgare enn den fastsette kvoten for 2026. Denne er basert på forvaltningsplanen ein vart einige om i desember 2025.

– Bestanden er oppjustert delvis grunna fjorårets høge toktindeksar, og kvoterådet går difor opp. Det er likevel blant dei lågaste råda frå dei siste ti åra, seier havforskar Cecilie Kvamme. 

Ulike forvaltingsreglar for nordsjøsild vart evaluerte i 2024-2025, noko som innebar at referansepunktet for fiskepress vart sett ned. I tillegg har nordsjøsilda hatt dårleg rekruttering dei siste åra. 

Havforskarane tilrår framleis nullfangst av vestleg baltisk vårgytande sild, som ein har gjort kvart år etter 2018.