Liv Holmefjord held fram som fiskeridirektør
Liv Holmefjord er i statsråd i dag utnemnd til fiskeridirektør for ein ny åremålsperiode på seks år.
22.09.2014 08:42Dette skriver Nærings- og Fiskeridepartementet.
- Fiskeridirektoratet legg til rette for
lønnsam og verdiskapande næringsaktivitet langs kysten. Liv
Holmefjord har i sin første åremålsperiode som fiskeridirektør vist
seg godt kvalifisert til å leie dette arbeidet, seier
fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Fiskeridirektoratet vart etablert i
Bergen i 1900. Direktoratet gir råd til Nærings- og
fiskeridepartementet om korleis fiskeri- og havbruksnæringa bør
forvaltast, og kontrollerer at lover og reglar blir følgde. Dei
faglege oppgåvene i Fiskeridirektoratet er delt i dei tre
hovudområda havressursforvaltning, havbruksforvaltning og marin
arealforvaltning.
Liv Holmefjord (52 år) er utdanna
siviløkonom ved Noregs handelshøgskole. Ho var assisterande
fiskeridirektør i fire år frå 2004 før ho vart utnemnd til
fiskeridirektør 1.oktober 2008. Før det arbeidde ho i Statens
Fiskarbank og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond.
Fiskeridirektoratet er Nærings- og fiskeridepartementet sitt fremste rådgivande og utøvande organ i fiskeri- og havbruksforvaltninga. Direktoratet har om lag 450 årsverk fordelt på hovudkontoret i Bergen, 7 regionkontor og 21 lokale fiskerikontor.