Lønnsemd er nøkkelen til vidare vekst i sjømatindustrien
- Dette er eit høgt prioritert område for regjeringa, og eg er glad for at utvalet som skal gå gjennom rammevilkåra til sjømatindustrien er godt i gang med arbeidet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
27.11.2013 14:14- Eg har poengtert at utvalet står fritt i arbeidet sitt til å
sjå heile verdikjeda under eitt. Vi kan ikkje isolere
sjømatindustrien og sjå bort frå problemstillingar som er aktuelle
og relevant i ledda før eller etter. Dette er eit svært kompetent
utval, og eg ser fram til å ta i mot utvalet sine tilrådingar til
det dei meiner er framtidsretta løysingar på utfordringane som
finst i dei ulike deler av næringa, seier fiskeriminister
Aspaker.
Utvalet som skal vurdere rammevilkåra til sjømatindustrien hadde
møte i Oslo i dag. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker og medlemmene
i utvalet gjekk gjennom mandatet og drøfta viktige sider ved
utvalet sitt arbeid.
- I regjeringserklæringa legg vi vekt på at lønnsemda i alle deler
av næringa er ein viktig føresetnad for å sikre trygge
arbeidsplassar. Eg er svært opptatt av å få til ein nasjonal
debatt, dette er nødvendig for å få fram kva næringa betyr og kan
bidra med i eit framtidig perspektiv, seier fiskeriminister
Aspaker, som meiner utvalet har fått norsk sjømatnærings viktigaste
oppdrag.
Sjømatindustriutvalet skal levere arbeidet sitt innan
utgangen av 2014.